Fin skogsmaraton i Tartu

Med Tartu Maraton tenkjer ein del nordmenn på det 63 km lange turrennet på ski, som har gått sidan 1960 og er ein del av det internasjonale Worldloppet. Dei som har vore inne på nettsida til www.tartumaraton.ee, veit at det er seks tevlingar gjennom året som utgjer Tartu Maraton i dag. Dei fem andre er skogsmaraton, landevegsritt, rulleskøytemaraton, offroadritt og bymaraton i Tartu. Sistnemnde er eit vanleg løp på asfalt. Alle seks løpa har fleire ulike distansar.

Skogsmaraton startar i verdscupbyen Otepää, nett som skirennet. Målgangen er òg som på skirennet – nær småbyen Elva. Kona og eg var med i skirennet i 2013, men 12. mai 2019 stilte vi opp i skogsløpet for fyrste gong, Anne Marit på 5 km, eg på den fulle maratondistansen, 42 km.

Dei to lengste distansane starta på Tehvandi stadion og kom snart ut på ein asfaltert gang- og sykkelveg. Seinare òg kom nokre korte småstrekk med asfalt, men mest sprang vi på grusvegar og gode stigar i skogen – og i skiløypetrase på slutten.

Nokre kilometer etter starten kom vi forbi ei idyllisk vik av Pühajärvi («Den heilage innsjøen»), og fleire gonger tett ved gamle, idylliske småbruk. Her var ingen bråkete høgtalarlyd, derimot vakker fuglesong. Og gauken gol sine vårlege ko-ko!

Det vart ganske langt mellom løparane på heilmaraton – vi var berre 200 i alt. Rundt halvvegs blir det tettare, der vi kjem i lag med dei siste løparane på 24 km-distansen. Der er nærmare 1400 med, men det går likevel greitt å koma forbi der eg treng det. Resultatlista fortalte at fleire brukte godt over seks timar på turen. Sjølv brukte eg fire, medan vinnartida var utrulege 2.37!

Løypa er småkupert og variert, men noko tyngre enn ei flat asfaltløype. Målet i Elva ligg om lag 100 m lågare enn starten, men det merkar ein ikkje mykje til. Det er motbakkane ein merkar!

Maratondistansen i Tartu maraton stod på programmet fyrste gongen i fjor, og eg er til no einaste nordmann som har løpt den. To andre norske var med, ein på 24 km pluss kona mi på 5 km, der ho vann kl. K65. Dato for løpet i 2020 er 10. mai.